Apati
- eit tidsbilete
P O E M

Walter Ego
Lyrikkforlaget Svada
Internet 1999







EIGENTLEG

Eigentleg
gjev eg jamnt faen
i um eg ligg
sjuk.

Av di
eg veit
det gjeng yver
- - -







TANKAR UNDER EI DYNE

Så mykje tran
som eg drikk no
kan ein jo berre undrast
kvifor eg ikkje
er sjukare.







FEBER

Skjelver på handa.
Men ikkje nok.

Diktet lar seg framleis skrive.







KRUKKESONG

Ho er ei krukke.

Fylt med det som krukka
til einkvar tid er fylt med.

Soleis er det.







STEINALDER

Vi skal bombes
tilbake til steinalderen
- M.K.

Hallo..? Hallo!!

Vi skriv nittini. Ikkje?







LUDVIG-TV

Evangeliesenterets TV-stasjon
er ein sann svir for oss
mørbanka influensaofre i vår evige jakt
på evige verdiar som er evige.

Dette er heva over einkvar tvil.







TIDSBILETE

Kjenner meg forsåvidt
i takt med tida.
Sjuke tider
fordrar sjuke menneske.

Trur eg lyt kasta upp.







MATHUGEN

Lyt vel få meg
litt mat i skrotten.

Spørsmålet er um det
er verdt det.







ARBEIDSDAGEN

Var der nogensinde
ein so kort dag
på jobben?

Alt eg rakk
var å bli ynskja
god betring.







HALSBRANN

Til Tjodolv.

Eg undrast um
dei veit
kva syre eg har
i halsen.






CLINTON GJENNOM ØRSKA

I'm starting
a war for peace
- M.P.

Ein krig
er nett det
vi treng.

Utan krig
inkje å gjera
for flygarane våre.

Soleis er det.







SONGEN I HUGEN

Alt medan
feberen ristar
heile lekamen.

Syng hugen
sin eigen song.
Av di han veit - - -







FUNKY APATI

Sit her
skuar utover heimen.

Ikkje noko vakkert syn.

Eg gjev faen.

Eg tenkjer berre
på gleda.









Les anmeldelser av denne samlingen her!

Du kan også delta som anmelder på SvadaForum, eller bare sende en enkel anmeldelse.
Skriv emailadressen din nedenfor
og avslutt med 'Join List'-knappen:


Powered by ListBot