Ali Kaffe
m/ Tine K. Fløyte
Munnhell frå Skrymtheimen
Det uutseielege
skal diktaren heller ikkje
freista å seia!
Svada
Internet 1996
"It ain't over till it's over."
- Munnhell frå Sambandsstatane
Har man sagt a
har man sagt a
Brent barn
har vore i nærleiken av noko varmt
Corner er hjørnespark
Døyr fe
vert buskapen mindre
Evig eiast
kun det evige
Ein fugl i handa
er færre enn ti på taket
Han som grev ei grav for andre
gjer det ikkje for seg sjølv
Hastverk
er hastverk
Hovmod
står for arroganse
Når katta er borte
er ho ikkje heime
Når krybba er tom
er det ikkje meir i krybba
Han skal tidleg krøkast
som tidleg krøkast skal
Han som kviskrar
talar lågt
Så langt
så langt
Like barn
liknar mest
Han som kjem først til mølla
kjem før dei andre
I mørkret
er alle kattar mørke
Når nauden er størst
er nauden størst
Når det regnar på presten
vert han våt
Han som ropar i skogen
ropar i skogen
Skoten vert han
som skytast skal
Etter sol
kjem noko anna
Han som sparar
han sløysar ikkje
Eg spyrjar kun
mitt kall er kun å spyrje
Stille vatn
er stillast
Ein svale
er ingen sommarfugl
Han som søv
er ikkje vaken
Han som teier
talar ikkje
Ei lita tue
er ikkje så stor
som ei større tue
Utan mat og drikke
vert helten svolten og tørst
Han som ventar på noko godt
har noko godt i vente
Kjært barn
har mange som er glad i det
Det er von
i von
Har du eit munnhell
som ikkje er med i denne samlinga?
Eller vil du berre gje attendemelding?