Metamorfe kjensler
D I K T

Sinobar Karsk
Svada
Internet 1998







OVERHEADANE

Du stod der med alle
overheadane
og dei utfyllande
notatane.

Messa.







ANORAKK OG EG

Anorakken flagrar kring
hennar andlet av
stål.

Ho bur seg for å gå ut.







LJOSBILETE

I mørkret ljoser
bileta over lerretet
alt medan draumane
flyg hjå konturane.

Som du sikkert veit.







DIKT OM MORGONEN

Eg såg deg
ikkje idag.

Venta du
noko raudt i aust?







BLÅKOPIAR

Nokre overheadar seier
meir enn du er
klår over.

(Men einstads inst
i hugen ligg
blåkopiane gøymt.)







SLAGG

I daudishola
låg alle draumane
gøymt.

No er draumane
vekk.
Men slagget ligg att.







INKUBASJON

Det tek tid
for kjenslene å flytta
seg frå hugen
til hjarta.

Som du sikkert veit.







EIN FRI MANN

Eg har vorte ein
fri mann.
Utan draumar og von.
Utan angst og
fjoske.

Men kva tyder dette?







DEN GRÅ JAKKA

Bak deg
eit monster som
freistar å skremme
meg unna.

Men kva veit
du om det?







KORIOLI-VERKNADEN

Gjev du faen
i Korioli-verknaden,
seier du?

Eg ber deg: Ikkje gjer det.

Han kan gje deg svar
på det som du
ikkje undrast over.







VRIMMEL

Eg såg deg
i kjøpesentervrimmelet
i dag.

Eg vart ikkje
forvirra.

(Måtte berre skrive eit dikt.)







TRIKKEDIKT OM KJÆRLEIKEN

Sanninga
om kjærleiken
er at han
kjøvast.







BYGDØY ALLÉ

Eg går
i ei tom gate.

(Kastanjane blomar ikkje
i februar.)







ODE TIL HUMUSEN

Minna
er for hugen
som barnåla
for jorda.

Som du sikkert veit.







TUNDRAHUG

Djupt i hugen
ligg det botnfrosne
hatet som berre
finn næring i
karrige podsol-profilar.







DOGG

Nokon
vil perhaps seie at
dogg skuldast
at lufta har
nådd sitt
metningspunkt.

Du og eg -
Vi veit betre,
gjer vi ikkje?







MINERALA

Minerala gøymer
løyndomar som
hugen berre kan finne
når det regnar om
hausten.

Som du sikkert veit.







DENTAL SUBDUKSJON
(ein draum)

Tannlækjaren spurte meg
kva som var gale.

Eg sa eg mistenkte
at det gjekk føre seg
ein fjellkjedefalding
i tanngarden.

(Han hadde imidlertid
lita tru på kontinentaldriftsteorien.)







SONG TIL BJØRKA

Bjørka lyttar til
sorga ho
bér i hugen.

(Ho lærer mykje av å gjera dette.)







SALATBLADBLUES

Å, var eg
eit salatblad!

Kjærteikna
av varsamme hender
som veit korleis
hugen er stilla.







ROMBEPORFYR

Kjensler:

Krystalliserte tankar
i ein straum av
altfemnande informasjon.







TIURHUBROEN

Lengst ute på Svartmyra
stend tiurhubroen
og syng sine songar
om angst
og noko som liknar
angst, men som er
noko anna.

Riktig mannevond er han.







BLUES FOR FENNOSKANDIA

For hugse det
bør vi:

For æva er
sjølv grunnfjellet
forgjengeleg.







DEI ADIABATISKE PROSESSANE

Djupast inne
i hugen einstads
ligg vitskapen
om dei adiabatiske prosessane.

Eingong
må du
attende
dit inn.







JURA

I juratida
sprakk gamle einingar
opp.

Det vart avsatt
sedimentar som enno
gjev næring
til vona.


Gje gjerne attendemelding,
positiv eller upositiv.